Yepp!
Ufreda rår. Ein har vel gått seg på ein smell, kanhende.
Freden har vorte vanskelegare å leva no. Han kjem i alle fall ikkje sjølv seg no lenger; med dei makalause moments of zen som stiller all anna uro enn berre no i bero, og fyller heile verda med meinings og meiningsløyses.
Ein har vel gått seg på ein smell, kanhende. Som har trøkt ufreda inn i freden og sagt det som det no er,- din dumme stut, som trur det gjer Gud noko om han finn fred med deg, eller noko som helst som gjer eller ikkje gjer noko som helst.
Ein har så mangt, og vert så lite, eigentleg. Ein skulle hatt dei alle, og skulle ha vore det alt.
Freden; den er nok berre fattigmannstrøysta og tapargleda, den.
Ein kunne ha vore diktar, songar eller høgrevelgar,- og ein er lei no, av berre å stri med å vera den ein er. Nok av det. Det duger jo ikkje det, må du sjå. Sjølv òg.
Ein skulle ha vore verdserobrar ja, ein skulle jo det helst da.
Ein skulle jo ha vore annleis. Ein skulle jo det. Ein skulle ha vore ein annan; ein skulle ha vore tenor,- ein skulle ha vore eventyrar,- ein skulle ha vore atlet,- ein skulle ha vore kvikk sjørøvarkaptein med damene med uimotståelege glimt i glasauget og faste og lette og lekne hender over alle kjøtets gleder der ein fann dei; ja! - og evige og enkle og lyse evner til å gleda kjøtets gleder òg.
Så dei gret og lo om einannan, alle som ein, når ein berre såg på dei.
Ein kan verta bra flink til ikkje å vera for flink. Men ein skulle vel heller gjort seg til kar på å vera kar; gjæve dressar og fine bilar og evig ung og verdsmeister i puling med stor kuk og aldri skulle ein døy, heller.
Snobbings de luxe. Den beste. Til alt og til alle tider. Det hadde heller vore noko.
Kanhende.
Moses på berget, kunne ein ha vore; Gotama ved treet; Fanden i nøtta; running for President. Yepp.
Vil eg meine.
Mer poesi er påkrevd - LA 2013