I hamn - om att
Ein framand frå havet må sjå seg på land.
Der vinden frå hav kjem med regnet som fell,
kan sanning stå skrive i rennande sand.
Den må ein få lesa. Så kan det bli kveld.
Ein bed seg ei bøn frå ein båt som gjekk ned,-
og fekk heva og tørka og bøtast i fred.
Dei regnblaute kleda på snor har han hengt.
Den segler aleine som ikkje er to.
Ein drøymer om lukka,- med verkande lengt.
Ein ost på ei skive er lukke rett no.
Ein fyrer i ruffen og tørkar sitt skinn.
Der lukka er einsemd ei lukke du finn.
Rett no er han nøgd med ein båt som er sin;
han segler si lei, og står ikkje på grunn.
Her har ein ein papp av den blodraude vin.
Den opnar han varleg,- ombord her ei stund.
På land går alt folket i levande sviv.
Han og skal i land der, og berge sitt liv.
LA , juni 2019