Songbook, T&LA Godord AS Songbook, T&LA Godord AS

Sommarvise om liv og tru i en mann

Note med besifring‍ ‍
Note pianokomp

Teks
t
Tek
st med besifring

Hør melodien

Om ho såg meg, ho der, ville eg måtte gje meg,  
- det let ikkje nei i meg då. 
Og dei som eg undrast om har noko i seg, 
måtte segle sin veg her i frå. 
Ho der kunne rette min nakke 
ved å sjå på meg mjukaugd og støtt. 
Vert eg ordlaus og fekk ikkje snakke, 
får ho halde meg, varleg og bløtt. 

Om ho såg eg var halvredd og ikkje fann måten, 
så skulle eg ikkje forlise som mann. 
På ho der vil eg vente ved kvelvet av båten, 
og ikkje gå under med vett og forstand. 

Om ho baud seg, ho der, ville eg måtte falle, 
og by meg attende. Som mann. 
Då såg eg vel vegen. Det gjer vi visst alle 
når kjøtet vert fyra til brann. 
Der skulle eg aldri forsvinne 
i det som kan drage meg ned. 
Ho der skulle halde meg inne 
i alt som eg veit å rå med. 

For ho der skal eg bli oppå kvelvet av båten, 
og ikkje gå ned utan vett og forstand. 
Om ho der såg meg naken, og viste meg måten,  
- då ville eg aldri gå under som mann. 

Om ho greip meg, ho der, måtte eg ta den handa, 
og la ho få halde i mi. 
Og ville ho leie meg bortetter stranda,
- så vart det nok sånn det fekk bli. 
Det brenn i ein himmel her nordpå. 
Ho kan sjå etter meg som ho vil. 
Om ho såg både himmel og jord då, 
ville eg kunne høyre ho til. 

T&LA © 2025
Rettighetene forvaltes av TONO.
Kan ikke mangfoldiggjøres eller fremføres kommersielt uten innhentet tillatelse.

Les mer