Mannastemmen
Det er ikkje mange kunstverk i mannheimen som har vore viktigare for skrivaren i livet enn Spelet om Heilag Olav.
I
I dag er det olsok i året 2013.
Ein lokalkjent kan sjå stiklestadbygg og anna fint folk portrettert som konge, høvdingar og kongsmenn i biletet. Og gilidt er vel det. Men det er også alt. Biletet er så digert og grelt prangande i sitt nærvær, at den dårlege smak nesten smittar til soddet, om ein skal ete i rommet.
Olsokstemnet har vorte olsokfestdagar og festival no. Dugnadskulturen er vorten kommers.
Stiklkestad kyrkje står enno; og no med ein stein i alteret som nokon meiner er ein relikvie. Olav skal ha stødd seg til steinen medan han døydde, seier drøset mellom både lek og lærd. At nokon skal ha funne fred i å ta i han medan dei var noko nervøse for å gifta seg, vitnar for sanninga. Og steinen er i vulgærreligiøsiteten soleis ved å få krefter av eit slag frå det mellom himmel og jord som vi vil tru vi ikkje skjønar. Eg trur nok ikkje på dei, nei. Dei lærde lyg, og dei leke dårast. Men kommers vert det nok av det likevel.
Eg trur på kvarkar og bosonar og på hydrogenatomet og på alt det desse byggjear; i mi tru på materia. Ånd er berre materie som speler. Det er ei tru berre,, - det og; og ikkje visse. Tvillaus visse finnast ikkje. Meininga med åndslivet er å grunna ut uviss meining når meininga ikkje er utgrunneleg; til eg til slutt døyr, i same same uvissa som eg er fødd i.
Det angar grisefrau og høyonn på Stiklestad ved olsoktider. Hundedagane går inn før olsok, og det er Jacob Våthatt og Mari Vassause i primstaven undervegs dit; det skal væra høgsommar og lune netter med skumringsmagi, og ein svak dåm av haustmørke i ettermidnattsnatta og eit kalddrag i lufta frampå nattmorran.
Men altså; i foredragssalen på Stikestad nasjonale kultursenter heng det eit digert dilettantisk oljemaleri som slett ikkje kler huset. Det var ei brysam gåve, gitt til huset i ein gest som sikkert var storslått meint, av nokon som vel meinte verket høva der. Det er nok ei utbreidd og legitim kunstoppfatning at det gjer det nok slett ikkje, nei; men at det er ei patetisk, pretensiøs og teknisk ikkje særleig vellukka framstilling; av motivet Olav,, - den Heilage,, - som står under solformørking omgjeven av sine menn og maktene; i eit univers tungt overlessa med banale sagn-, symbol- og sagafigurar, - mens eit opphøgd og ikkje utgrunneleg åndsliv nok skal lata til å utfalda å seg i han. Ein skal vel kunne få for seg at det er kongen som føre slaget, under vekta av røyndom og tid og menneske og makter, kontemplerer over den trugande dauden og den stigande æva.
Men Stiklestad skal vel òg væra den dårlege smaks tradisjonsstad. Vi arrogante betrevitarar må derfor kanskje berre bæra over med denne veggpryden. Lell let skrivaren seg i vanvyrdnad godt halde frå å like han.
Huset er ut over rommet med kitschmaleriet ein god stad å væra. Stiklestad er for nokre ein av dei viktige stadane i verda.
Huset som rommer Stiklestad nasjonale kultursenter, er eit vellukka moderne monument over ein tradisjon som har bidrege sterkt til å konstituera denne skrivarens sjel og personlege integritet. Romma og plassen framfor bygget er gode opphaldsstadar; åndelege, fredfulle, dempa i sitt moderne uttrykk, til moderne handheving av ein tusenårig tradisjon. Til å trivast i. Til å falla inn i seg sjølv i; i søken etter sanning, fred, og samkjensle med samtid og arv.
II
Det er ikkje mange kunstverk i mannheimen som har vore viktigare for skrivaren i livet enn Spelet om Heilag Olav. Det skuldast nok mindre Olav kongen enn det skuldast Olav diktaren,- Olav Gullvåg, og komponisten Paul Okkenhaug. Klangen av stålnynorsk i teksten, og av tonegangar og harmoniar som kjem gjennom arv og røyndom frå bortom tida ein stad, har knytt mi undring og mine omgrep om det skjøne til seg, frå før eg vart til som eit eige intellekt. Det er ikkje ufarleg å vera til, men det kan vera vakkert,- og når det trygt kan få vera farleg, er det som aller vakrast. Slik kved Tormod. Slik syng mannastemmen i meg.
Frå der nede kor koret søkjer mannaklangen, ser vi lite spel. Bilete frå scena når oss på eit par skjermar i orkestergrava. Og lydane i høgttalarane då, naturlegvis. Men monitorane berre. Så ein skal vel derifrå ikkje ytra noko skråsikkert om noko.
Spelpuristar kan ha hatt tunge år no. Opphavleg tekst i Gullvågs stykke er stroken nesten heilt vekk, og det som er att, er vaska og bada i meir tidshøvelege vendingar av lokalt målføre. Av Gullvågs kraftfulle og mektig klingande gamalnynorsk er det lite att. Formane var arkaiske, og fleire av gamalorda av stål var visstnok ikkje lenger begripelege. Ord som ikkje fattast med det same,- dei som må smakast på og undrast over, kan ein vel ikkje seia på ein scene meir no.
Sidehandlingar og digresjonar i teksten er fleire plassar tekne heilt ut. Moderne teater skal vel væra effektivt. Det som ikkje tenar til å driva handlinga framover, skal ein vel helst ikkje spela. Nokre motsetningar og konflikttema i dramatikken er gått med i rasjonaliseringa. Nokre andre er tona veldig mykje opp. Kong Knut den mektige vert knapt nemnt meir; frilla hans slett ikkje, og korkje Einar på Gimsan, Hunden eller Kalven nemnast av skalden meir no. Men utburden får vi sjå,, - utburden i scenar mange nok til at vi får godt greie på han, ja. Det er utburdtemaet som no ber dramatikken i Spelet om Heilag Olav,- som jo òg kanskje rett er; og lagt fram så det er lett å begripa er det òg; made for daytime television, nærmast.
Rollene i dette moderne spelet er meir figurar og berarar av dramaturgiske element no; og ikkje lenger særleg mykje tungt scenenærverande karakterar med fleire lag menneske i seg. Det kan væra at det er teateret sjølve,- Scenekunsten,- som har vorte forvandla, og no er made for television,- og skodespelarane med den. I dei på moderne vis handlingsdrivne scenar er fråvær av fråvær kan hende nærvær nok. Og kan hende er det òg best slik. Puristar kan rynke på nasen. Men ein kan nok slett ikkje innvenda at det ikkje fungerer.
Det er for meg mykje om å gjera at kongen når meg som meir enn berre ein pingle nedi mannastemmegrava mi der. Han må ikkje verta ein som noko sky og mumlande samtalar Gudrun til vit, som ein coatch eller mentor, som det vel heiter no til dags; og som er fråskriven alt ansvar for alt han seier,- eller berre som ein noko monoman kognitiv åtferdsterapeut; innpå eit kontor eller noko. Frelsar han no henne verkeleg frå uvit med underets kraft? Eg må bli viss på at han gjer det. Krafta til kongen må ikkje berre naudsynt kunne duga til å kristna og samla eit folk. Den må gjera det,- så underet òg kjem til songargrava.
Det kan ha vore nokre små konsepsjonsvillfaringar hjå instruktørar og dramaturgar og skodespelarar her opp i gjennom åra. I slike høve er ho kritisk. Lukkast ikkje kongen av eigne magiske evnar med undergjerninga, undergrev spelet den olavsarv det sjølv er vår tids fremste berar av: Var det ingenting med Olav digre som gjorde at hans samtid kunne få for seg at han var ein heilag mann, vart det ingen olavstradisjon å halda, og ikkje grunn til å spela olsokspel i dag i det heile.-
Slik gjøyr ein gamalhund; ein grinete ein. Og premissen kan i år kan hende væra heilt feil. Nokre kjennarar fortel frå amfiet at årets Olav står som ein påla. Så eg let han òg gjera det no. I andre år kunne eg nok ha ausa meg opp til høgrøysta munnbruk over berre ein ure liten tvil her, ja. Den tid er vel over no, kan hende. Eg kan ellers alltids halda kjeft. Kongen stupte på Stiklestad.
III
Ein vert fort liten mot kunsten. Så liten at ein fort får heile seg sjølve og alt sitt å bala med når ein set sitt fattige og upussa talent på strekk etter det fullkomne, som endatil aldri kan nåast. Ein kjem i livsfare, som i kjærleiksakta stundomtil. Duger ein no verkeleg eigentleg til alt det ein har gjeve seg inn på her? Til som ved slike høve til å finna mannastemmen og å skapa mannaklangen; i spel på både tru og tvil i seg sjølv med den andre, så det vert vakker samklang og skapast farleg og skjøn musikk?
Det er meg ein knivsegg å gje seg utpå, det der. Vert det for utrygt å væra til, sluttar ein å setta seg sjølv på strekk, og kunsten kan døy. Og kjærleiken òg, kan hende.
Bra nok kan det berre gå om alle legg meir i det dei sjølve gjer bra, enn i det ein annan gjer gale. Heile produksjonsdagar kan gå med på å halde motet oppe i motbør; heile livsbolkar på å reise opp att eit nedtrakka mot.
Ein er sårbar og lett å råke, i svevet, her heilt ute i grensestroka av sjølvet. Her er det mykje farleg å halda styr på, og det kan drepa eit sjølv om ein mann gjer seg til å væra kop her òg: For mannaklangen skal det teljast, intonerast, tekstast, lyttast, fraserast og stålkonsentrert kikast på dirigent.
Og det skal syngjast. Malmfullt og mektig. Og rett og til rett tid; i spel på seg sjølv med dei andre. Mannastemmen skal koma frå nedi heilt nede ved taska ein stad, og skal skapast med buk, rygg og mellomgolv, verta til i strupen og klinga frå ope svelg og alle tomroma i hovudet; og nå verda gjennom munnen med klingande overtonar og levande vokalfargar. Når han let slik, kan mannastemmen ein augneblink verta heile verda. Til han teier,- og verda eit bel berre er eit vakuum.